mandag 8. februar 2010

Frå bokmål til nynorsk

På skolen idag fikk vi i oppgave å skrive om et av innleggene våre til nynorsk. Det opprinnelige innlegget kan dere finne her: http://karolinesverden91.blogspot.com/2010/01/modernisme.html

Dette ble i vertfall resultatet:

Les Demoiselles d’Avignon er malt av den kjende kunstnaren Pablo Picasso i 1907. Eg valde dette biletet fordi det ofte blir rekna som eit bilete som innleier kubismen i modernismen.

Eg finn dette biletet svært interessant. Grunnen er ikkje stort anna enn at eg ikkje klarer å bestemme meg for om eg likar det eller ikkje. Motivet vil eg si er fem vanskapte, nakne menneske som sit rundt eit bord med frukt på. Det er jo det det ser ut som, ikkje sant?

Når sant skal seies så føresteller biletet eigentleg fire kvinnelege prostituerte på eit bordell i Avinyó gata i Barcelona. Det var i vertfall slik Picasso tenkte. Kven er då den siste personen?

Som eg tidlegare har nemnd, så veit eg ikkje heilt kva eg synast om biletet. Grunnen til dette er fyrst og fremst at eg aldri har vore spesielt fan av kunsten til Picasso. Eg har aldri skjønt kvifor folk synast det er fint med vanskapte menneske og ting. Likevel så er det veldig interessant at det biletet faktisk føresteller ikkje samsvarer med oppfatninga til folk.

Ingen kommentarer: