onsdag 2. september 2009

Forfattarbesøk av Are Kalvø!



Onsdag den 26. august var Sandvika vidaregåande skule så heldig å få besøk av den kjende forfattaren Are Kalvø. Det var spente elevar som satt klar i gymsalen då han entra scena. Det blei fort latter i salen då han plutseleg endra personlegdom til Jens Stoltenberg og begynte å presentere Are Kalvø. I løpet av den timen han var her klarte han å få fleire elevar til å le så dei rista, men eg la merke til at ikkje alle synest alt var like morosamt.

I følgje forfattaren sjølv, lever han av det han kallar «tull og tøys», og einaste grunnen til at han blir teken på alvor er fordi han skriv på nynorsk.
Det å leve av «tull og tøys» innebærar tydelegvis ikkje berre det å vere forfattar. Kalvø er nemleg også ein kjend stand-up komiker og programleiar for "Hallo i uken", NRK P2s oppsummering av nyheitene og i følgje Kalvø, kulturkanalens nest morosamaste program.

Eg må innrømme at eg på lik måte som dei fleste andre hadde skyhøge forventningar til forfattarbesøket. Ja, han var morosam til tider, men nokre gonger synest eg at ting blei litt for mykje. Han skal derimot få ros for å vere ein god imitator. Eg lo godt då han avslutta besøket med å imitere Kong Harald, Ari Behn og Jan Thomas!
Bilete er henta ifrå Ingunns Dropbox :)

Ingen kommentarer: